På jakt etter eigenidentiteten til kurdiske flyktningkvinner i Noreg

– Sidan krigen i Syria starta, har kurdiske kvinner ofte blitt presenterte i media som geriljasoldatar. Eg skal forska på korleis kurdiske flyktningkvinner frå Syria identifiserer seg sjølve, seier Wendy Hamelink, som er Marie Curie-forskar ved STK.

profilbilde av Wendy Hamelink

Wendy Hamelink skal forska på kurdiske flyktningkvinner frå Syria i Noreg. Foto: Ola Sæther

– Men det finst eit ganske anna bilete bak desse kurdiske kvinnene frå Syria, seier Wendy Hamelink.

Forskaren frå Leiden-universitetet i Nederland og Senter for tverrfagleg kjønnsforsking skal gjera feltarbeidet sitt blant kurdiske kvinner frå Syria som no bur i Noreg. Med eit to år langt stipend frå Marie Sklodowaska-Curie-programmet får postdoktoren i politisk antropologi fullfinansiert forskinga si. Ho er ei av dei seks nye Marie Curie-stipendiatane som kjem til Universitetet i Oslo i løpet av 2017.

Interessa blei vekt i Tyrkia

Wendy Hamelink skal altså sjå nærare på korleis kurdiske flyktningkvinner frå Syra identifiserer seg gjennom kultur.

Hennar interesse for den kurdiske kulturen begynte i Tyrkia. – Eg forska på kurdiske kunstnarar som framførte ting munnleg. Eg såg på songane deira og den politiske dynamikken ettersom tradisjonen blei mobilisert for politisk aktivisme. Sjølv om eg gjorde mesteparten av forskingsarbeidet i tyrkisk Kurdistan, så gjorde eg også feltarbeid i Tyskland der eg fylgde ein kurdisk flyktningfamilie i mange år. Dei var heile tida på flukt, og kom til slutt som flyktningar til Tyskland. Der såg eg på kva meining songen hadde for dei, medan dei var langt borte frå Kurdistan, fortel Wendy Hamelink til Uniforum.

Snakkar kurdisk

Seinare gjorde ho studiar på armenarar frå Aust-Tyrkia som hadde slått seg ned i Istanbul, Beirut og i Paris. Dette gav eit anna perspektiv på den kurdiske austlege delen av Tyrkia. Men ho ville gjerne venda tilbake til Kurdistan.

– Tidlegare hadde eg i hovudsak intervjua menn og hadde problem med å koma i kontakt med kvinnene. Denne gongen ville eg koma i nær kontakt med kvinnene, fortel Wendy Hamelink.

Allereie då ho heldt på med doktorgraden sin, lærte ho seg kurdisk, og dei språkkunnskapane friska ho opp igjen då ho budde i tyrkisk Kurdistan i 2015. – Eg kan bruka det språket på nytt no for å snakka med kvinner frå Syria som talar det same kurdiske språket.

Vil finna ut korleis dei identifiserer seg sjølve

Dei siste åra, etter at krigen i Syria braut ut, er det mange kurdiske flyktningar frå Syria som har kome til Europa.

– Inntrykket vårt av desse kvinnene er ofte grunnlagt på dei bileta me får av kvinnene i media. Kurdiske kvinner har dukka opp i nyhenda som kvinnelege geriljakrigarar. Men det stemmer slett ikkje for alle. Prosjektet mitt går ut på å finna ut kva dei sjølve tenkjer om at det er blitt teikna eit slikt bilete av dei i vestleg media, og kva som ligg bak det biletet: kva er livsverda for desse kvinnene og korleis kan dei byggja opp ein ny heim i Noreg.

Forskaren Wendy Hamelink vil finna ut korleis kurdiske flyktningkvinner frå Syria i Noreg identifiserer seg sjølve. Foto: Kurdish YPG Fighters, Kurdishstruggle, CC BY 2.0

– Eg tenkte at det måtte vera nyttig for meg å kunna få driva dette forskingsprosjektet hos eit senter for kjønnsforsking. Difor tok eg kontakt med Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved UiO, for å høyra om dei var interesserte, straks eg fekk vita at eg hadde fått tildelt dette forskingsstipendet. Det var dei, og saman med forskarar ved Høgskulen i Oslo og Akershus har me laga ei eiga forskargruppe på temaet.

Fotoutstilling

– Og kvar skal de få tak i dei kurdiske kvinnene frå Syria?

– Me skal få kontakt med dei gjennom det kurdiske nettverket som eg allereie har, og gjennom kurdiske organisasjonar og innvandrarorganisasjonar. Då vil me intervjua dei og få dei til å fortelja meir om korleis dei identifiserer seg som kvinner og kurdarar. Etter planen skal eg også ta bilete saman med kvinnene og bruka bilete i ei eiga fotoutstilling som vil bli ein del av forskingsprosjektet, fortel ho.

– Og av alle land i verda, kvifor valde du å koma til Noreg for å gå gjort dette prosjektet?

– Den enkle grunnen er at kjærasten min bur her. Og no får eg vera saman med han. Og eg har allereie eitt år bak meg som gjesteforskar ved FAFO.

– No kan du ikkje berre kurdisk, men også norsk?

– Ja, eg har lært det ved å gå på språkkafé i Oslo, seier ho. Wendy samarbeider nært med Harriet Bjerrum Nielsen og Beatrice Halsaa frå Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved UiO og med Sverre Varvin frå Høgskulen i Oslo og Akershus. Prosjektet vil halda på i to år.

Seks nye Marie Curie-forskarar til UiO

Det var til saman 36 forskarar frå heile Europa som søkte om opphald i eit fagmiljø ved UiO i 2016. Seks av dei fekk ynskja sine oppfylte, og ei av dei var altså Wendy Hamelink frå Nederland.

Dei fem andre er fordelte mellom Institutt for biotvitskap som får tre postdoktarar, medan medisin, musikkvitskap og Senter for tverrfagleg kjønnsforsking får ein kandidat kvar, får Uniforum opplyst av seniorrådgjevar Mette Topnes i Seksjon for forskings-, utdanningsstøtte og internasjonalisering ved UiO.

Ximena Alarcón frå Colombia, som skal vera Marie Curie-stipendiat på Institutt for musikkvitskap, får dessutan ei spesialoppgåve med å vera jubileumsambassadør for Marie Sklodowska Curies 150-årsdag og dei til saman 100 000 kandidatane dei 20 åra programmet har eksistert.

 

Teksten er skrevet av Martin Toft og er en republisering fra Uniforum

Av Martin Toft (Uniforum)
Publisert 7. apr. 2017 14:57 - Sist endret 7. apr. 2017 14:58