STK og UiOs 8. mars-arrangement: Svein Stølen håpar metoo-kampanjen får varig effekt

– Me må håpa at metoo-kampanjen gir ein varig effekt, seier UiO-rektor Svein Stølen til Uniforum etter metoo-debatten i Professorboligen på Kvinnedagen 8. mars.

panelsamtale med deltakere

VERDIAR: – Me må vera tydelege på verdiar. For meg handlar det om kva eit universitet skal vera. Det skal vera ein god plass å vera. Du skal  ha høve til å vera deg sjølv og vera trygg og skal kunna levera det du kan i den akademiske samanhengen, seier UiO-rektor Svein Stølen etter metoo-debatten på universitetet 8. mars. Foto: Malin Lenita Vik

Av: Martin Toft i Uniforum.

På kvinnedagen 8. Mars inviterte Senter for tverrfagleg kjønnsforskning og UiO til seminar om seksuell trakassering i akademia. I debatten, mot slutten av dagen, hadde Svein Stølen med seg journalist Hanne Østli Jakobsen i Morgenbladet, kjønnsforskar Agnes Bolsø frå NTNU og initiativtakar til metooakademia, Sophia Efstathiou frå NTNU og kjønnsforskar Mari Teigen frå institutt for samfunnsforsking.

– Skal ha leiaropplæring

Etter debatten var UiO-rektor Svein Stølen klar på at universitetet tar alle varsel om trakassering alvorleg. Derfor gjentok han også tiltaka som UiO har lova å gjennomføra.

– Me skal ha leiaropplæring for leiarar på nivå 1, 2 og 3 i universitetsstrukturen, men også for leiarar i Eigedom, USIT og så vidare. Der har me lagt opp til sju kurs no i vår med 20 til over 50 deltakarar. Då får dei brei opplæring i kvar er  blindsonene og kva rolle spelar alkohol i akademiske samanhengar. Det er ein viktig ting og eit første stadium. Så held me fram vidare innover i institutta og i administrasjonen for dette kan ikkje berre skje på øvste leiarnivå på institutta. Det skal verkeleg koma inn i organisasjonen, understrekar Svein Stølen. Han ser ikkje bort frå at alle må gå gjennom dette opplegget, både rettleiarar og undervisarar og andre.

hanne jacobsen holder innledning
Hanne Østli Jakobsen, journalist i Morgenbladet, innleidde på STK og UiOs 8. mars arrangement. Foto: Malin Lenita Vik

– Ei verktøykasse

 Men han og UiO har fleire tiltak som dei vil få sett i verk.

– Det neste er ha ei verktøykasse, for viss me skal ha leiarar som lykkast, må dei ha ein metode å støtta seg til. Dei må ha mot sjølve, men dei får meir mot om dei har metodar.  Og me skal hjelpa dei med gode metodar, og så skal me hjelpa dei med dei menneskelege ressursane, lovar han.

– Må vera tydelege på verdiar

Svein Stølen vil også understreka ein annan viktig ting. – Me må vera tydelege på verdiar. For meg handlar det om kva eit universitet skal vera. Det skal vera ein god plass å vera. Du skal  ha høve til å vera deg sjølv og vera trygg og skal kunna levera det du kan i den akademiske samanhengen. Det er ekstremt viktig og ein sentral verdi for akademia og  Universitetet i Oslo.

– Er det blitt lettare å få fram saker  som handlar om trakassering etter at metoo-kampanjen tok av?

Me ser at me får færre saker opp enn det me ville venta. Elles så tenkjer eg at å snakka om verdiar, det gjer at me får endringar i haldningar. Me må håpa at metoo-kampanjen gir ein varig effekt. Derfor må me vera klare på verdiane, slik at alle i eit miljø vågar å seia ifrå om nokon trakkar over streken. Du må sjå på naboen og vera klar på kva verdiar du forventar av ditt miljø. Om me alle saman går og gjer dette kollektivt, kjem me til å lykkast, håpar eg, seier Stølen.

Sophia innleier
Sophia Efstathiou er ein av initiativtakarane til #metooakademia. Hun innleidde om utfordringane med å varsla om seksuell trakassering i akademia. Foto: Malin Lentia Vik

– Ikkje berre quickfix

Også leiar for Senter for tverrfagleg kjønnsforsking, Anne-Jorunn Berg var til stades på debatten i Professorboligen. Ho er svært nøgd med debatten:

– Den var sakleg og «humoristisk» på ein måte som balanserte fint.Samtidig som kjem den med svært konkrete forslag og peika på ein del utfordringar som me står overfor. Det er ikkje berre quickfix, og så er det slutt på all trakassering både i akademia og andre stader, seier Berg til Uniforum.

– Kva trur du må til då?

– Det er både kortsiktig og langsiktig arbeid. Som fleire understreka, handlar det om kulturendring, om kva som er tillate og kva som ikkje er det. Og det blei også understreka at dei aller fleste har gangsyn og bra oppdraging på det området. Men det finst også ein del utskot, og det handlar mykje om makt, noko som kom fram i debatten. Det handlar om at sentrale personar i fagmiljøa har mykje makt.

– Er det mogleg å få til ei haldningsendring på det området?

 – Ja, då kan me tenkja på både pisk og  gulrot og sørgja for å belønna leiarar som set ned foten, og for at dei som oppfører seg slik at dei trakkar over den streken me bør setja, at det bør få konsekvensar for dei.

– Tafsinga har gått føre seg i årevis

Seksuell trakassering er slett ikkje noko nytt for Anne-Jorunn Berg og dei andre kjønnsforskarane:

– Nei, det som er nytt er at det brått har eksplodert i det offentlege rom takka vera metoo-kampanjen. Tafsinga har gått føre seg i årevis.  At maktpersonar har misbrukt makta si, er ikkje akkurat noko kjempenyhende.

– Kjem Senter for tverrfagleg kjønnsforsking til å driva forsking på metoo-kampanjen i tida framover?

– Der er me heilt avhengige av at me får finansiering. Men det er klart at det er relevant på mange område, når det gjeld organisasjon og leiing og når det gjeld forståing av kultur. Også analysar av film, kultur og litteratur og økonomi, som er knytt til seksuell trakassering, kunne vera slike tema, konstaterer ho.

queendom spiller
Queendom underheldt i pausen før paneldebatten på arrangementet i Professorboligen. Foto: Malin Lenita Vik

– Viktig kampanje

Maria Darwish er masterstudent ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking, og ei av dei som høyrde på metoo-debatten i Professorboligen.

– Eg synest metoo-kampanjen er veldig viktig. Debatten viste at det framleis er ein lang veg å gå når det gjeld å byggja ut rette svar og institusjonar og hjelpetiltak på institusjonar. Derfor er det framleis ein veg å gå.

– Så du er positiv til at det vil skje eit eller anna?

– Ja, eg trur det vil koma fleire tiltak til no. Eg synes spesielt Sofia  Efstathiou frå metooakademia kom med fleire konkrete tiltak om kva me kan gjera.

– Kjenner ei som blei trakassert

– Veit du sjølv om mange som har opplevd trakassering på UiO?

– Eg kjenner personleg ei som er blitt det på Universitet i Oslo, men ho har ikkje fortald den historia til så mange, og har ikkje gått ut med den, seier Maria Darwish til Uniforum.

 

Av Martin Toft i Uniforum
Publisert 13. mars 2018 16:09 - Sist endret 4. apr. 2018 11:12