Skeiv seminarrekke: Å bli som ein kar: Syndefull homososialitet i romanar av Tarjei Vesaas og Åsmund Sveen

Velkommen til Skeiv seminarrekke der Per Esben Myren-Svelstad, førsteamanuensis i norsk litteratur fra Universitetet i Nord, kommer for å snakke om homososialitet i Vesaas og Sveens litteratur.

Om seminaret

Tarjei Vesaas slo gjennom som forfattar med romanane Det store spelet (1934) og Kvinnor ropar heim (1935). I desse romanane møter vi odelsguten Per Bufast som må ta del i «det store spelet»: gifte seg, få barn og overta slektsgarden. Men dimed må Per også undertrykke lysta til å vera i lag med venen Olav. Vesaas framstiller heteroseksualiteten som innøvd, og venskap mellom menn som del av ein glidande overgang mellom heteronormativitet og likekjønna erotikk.

Romanane til Vesaas er interessante å samanlikne med romanen Svartjord (1937) av Åsmund Sveen. Sveen hadde tidlegare skrive dikt med delvis skjult homoerotisk innhald, men arbeidde med propaganda for Nasjonal Samling under krigen. I Svartjord møtest desse impulsane – homoerotikk og proto-nazistisk fruktbarheitsdyrking – i ei tvitydig framstilling av erotisk lada, mannlege venskap og heteroseksuell sosialisering. I denne presentasjonen vil eg fokusere på korleis Vesaas og Sveen framstiller desse delvis motstridande impulsane, og argumentere for at romanane kastar nytt ljos over tenking om kjønn og seksualitet i norsk mellomkrigstid.

Arrangør

Skeiv seminarrekke
Publisert 17. jan. 2018 14:44 - Sist endret 30. jan. 2018 15:22