Patterns of change – Family and Gender Hierarchies in New Kingdom Egypt: Titles of non-royal women

Formålet med dette prosjektet er blant anna å tilføre ny kunnskap om kvinner sin plass i det sosiale og administrative hierarkiet - deira plass i heimen og i det offentlige  rom under Det nye riket (1539-1077 f.v.t.), gjennom ein studie av dei mest vanlege ikkje-kongelege kvinnetitlane, slik dei er i dei arkeologiske og skriftlege kjeldene.

In English

Om prosjektet

Målet er å vise at kvinner ikkje var tilskriven ein bestemt posisjon, men snarare eksisterte i ei rekkje ulike sosiale sub-lag, der ulike kvinner, menn, ung og gamal var aktørar, framheva variablar mellom desse, men også moglege endringar. Det var altså verken likestilling eller eit eintydig kjønnshierarki i det gamle Egypt, men derimot mange interessante familie- og kjønnskonstellasjonar.

Prosjektet er todelt:

Del 1 - Problemstillingar: Er titlar konsekvent kjønna? Kva titlar nytta ikke-kongelige kvinner under Det nye riket? Kva for titlar var mest vanlig? Er det endring? Kva er samanhengen (dersom nokon) mellom type kjelde, sjanger og tittel?

  • Metode: Metoden for denne delen er komparativ. I all hovudsak handlar del 1 om å lage ein database, og analysere og beskrive databasen kvantitativt.

Del 2 - Problemstillingar: Kva for hensikt og tyding hadde dei ulike titlane? Reflekterar titlar aktive roller, eller er dei bare ærestitlar? Kva kan titlar fortelje om kvinner si rolle og status? Er det samanheng mellom kvinne og partner (eller anna familie) sine titlar? Kva kan titlar fortelje oss om kjønn i det gamle Egypt?        

  • Metode: Gjennom ein kvalitativ studie, tar eg sikte på å fastslå kva tyding og formål dei ulike titlane kan ha hatt. Denne oppgåva er omfattande, og inneber ein analyse frå tre forskjellege vinklar: Først, vil eg prøve å forstå titlane ut frå eksisterande rammeverk, dvs. ein analyse av grammatikk, ideogram og determinativ. Så vil eg sjå på skriftleg, biletleg og arkeologisk kontekst, for å få ei meir heilskapleg forståing. Sist, men ikkje minst, gjennom ein dekonstruktiv tilnærming, tar eg sikte på å filtrere og kritisere eksisterande tolkingar, stille nye spørsmål, og slik prøve å finne betre forklaringar gjennom dei empiriske fakta, med utgangspunkt i dekorum, makt og overføring gjennom tid.

”Likestillingens kulturelle dimensjon”

Ein viktig del av prosjektet er å sette likestilling, som ein kulturell dimensjon, i eit historisk perspektiv. Sjølv om omgrepet likestilling er nytt, og slik ikkje kan overførast direkte til det gamle Egypt, er kjønn og hierarki noko som har eksistert til alle tider. Det vert sentralt å vise at desse ikkje er statiske dimensjonar, men snarare i konstant endring, og gjerne avhengig av individuelle faktorar. Det er særlig forholdet mellom religion på den eine sida, og det sekulære, politiske og sosiale rom på den andre, som er av interesse.

Samarbeid

Prosjektet er forankra i Institutt for kulturstudier og orientalske språk (IKOS) og Senter for tverrfaglig kjønnsforskning (STK) ved Universitetet i Oslo, men vil også nyte godt av kompetansen til dei anerkjente professorane ved The American University in Cairo, The Amarna project, og mogleg The Oriental Institute (University of Chicago).

Finansiering

Ph.D-stipend, Universitetet i Oslo 2014-2018.

 

Publisert 8. apr. 2014 08:39 - Sist endret 18. aug. 2016 13:32