Senteret sitt styre

Styret er senteret sitt øvste organ og har ansvar for at den faglege verksemda held høg kvalitet og at senteret driftast effektivt og i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og regler, og innanfor dei rammer og mål som er gitt av Universitetsstyret.

Senter for tverrfaglig kjønnsforskning sitt styre er oppnemnt av Universitetsstyret og består av 11 representantar med personlege vararepresentantar. Oppnemningstida er fire år. For student- og stipendiat-/postdoktorrepresentant er perioden eit år. Ein representant eller vararepresentant fråtrer dersom vedkommande si tilknyting til den eininga eller kategori han/ho er foreslått frå, vert avslutta.

Senterleiar og kontorsjef førebur styresaker og har møteplikt til styremøter, men ikkje stemmerett.

Inneverande styreperiode varar frå og med 2016 til og med 2019.

Møteplan våren 2018

  • Tysdag 20. februar, kl. 1415-1545
  • Torsdag 24. mai, kl. 1415-1545 (MERK - torsdag, ikkje tysdag)

Stad: Gaustadalléen 30D (NEMKO-bygget), rom 420, 4. etg.

Publisert 21. sep. 2011 22:38 - Sist endret 30. mai 2018 16:13