Sumaren er komen til STK

Det er fellesferie, men på STK er det framleis aktivitet. Ikkje berre skal vårsemesteret sluttførast, internasjonale studentar vert undervist om likestilling i dei nordiske landa, og ein finpussar planar for haustsemesteret.

Senterleiar Anne-Jorunn Berg, universitetslektor Johanna Hjertquist og seniorkonsulent Reinert Skumsnes nyter solrike dager. Foto: Helle P. Granum

Kurs om likestilling i dei nordiske landa

Den internasjonale sommarskulen ved UiO tilbyr kurs om likestilling i dei nordiske landa, og Johanna Hjertquist, som er universitetslektor ved STK, har ansvaret for undervisninga.

24 studentar tar kurset som varer over 6 intensive veker. Det er overvekt av kvinner, men 6 menn deltar også på kurset. Fleire definerar seg sjølv utanfor dei tradisjonelle kjønnskategoriane, og er dessutan politisk aktive. Blant studentane er så godt som alle kontinent representert. Dei kjem frå land som Cuba, Mexico, Aserbadjan, Georgia, Kina, Zimbabwe, Etiopia, Malawi, Frankrike og USA.

Trass svært ulik bakgrunn, er interessa for kjønns- og likestillingsproblematikk, samt den nordiske modellen og levesett, noko dei har felles. Studentane er spesielt interessert i samspelet, eventuelt motsettingsforholdet, mellom politiske retningslinjer og praksis, samt overføringsverdien av den nordiske modellen til sine heimland.

Kurset er meint å gje ein grundig introduksjon til den nordiske konteksten etter 1970, og eit innblikk i korleis likestilling som konsept, modell og levesett har utvikla seg over tid og vert praktisert i dag. Ein ser nærare på likestilling i kvardag, arbeidsliv, utdanning og politikk, og sett dessutan likestilling i samanheng med perspektiv som interseksjonalitet, maskulinitetsstudier og kjønnsbasert vold. Sentrale og hyppig diskuterte tema er den nordiske modellen og likestillingsparadokset.

Kurset har ikkje berre ein teoretisk profil, men inkluderer også feltarbeid i Oslo sine gater, og besøk på krisesenter.

Nytt seminarprogram

Seminarprogrammet for hausten 2018 er under planlegging. Blant høgdepunkta, som allereie er klare, er symposium med ny Professor II, Lois McNay. Det vert også seminarrekke om kritisk tenking og såkalla sakte forsking. Informasjon om fleire seminar kjem så snart det er klart.

 

Publisert 18. juli 2018 10:53 - Sist endret 18. juli 2018 11:09