Gjesteforskar ved STK?

I tråd med vårt mål om å vere ein attraktiv møteplass for forskarar frå inn- og utland tilbyr STK kontorplass for gjesteforskarar for kortare eller lengre periodar.

Forskarar som ynskjer seg kontorplass ved senteret, er velkomen til å søkje om plass for kortare eller lengre tidsrom, på heil- eller deltid.

Søknad må skildre både intensjon og prosjekt.

Det er ingen søknadsfrist, og søknadar vert behandla fortløpande. Dersom det er ledige plassar i den aktuelle perioden, vert søknadar vurdert og rangert etter kva fagområde senteret ynskjer, samt forskingsprosjektet si utforming og kvalitet.

Hovudkriterium og prioriteringar

Det er to hovudkriterium:

  • søkjaren sitt prosjekt må vere innan kjønnsforsking.
  • prosjektet sin kvalitet.

Ved prioritering kan det dessutan leggast vekt på at:

  • prosjektet vil styrkja pågående forskingsprosjekt;
  • prosjektet vil styrkja senteret sin tverrfaglege forskingsprofil;
  • det fylgjer overheadmidlar/driftsmidlar med prosjektet;
  • søkjaren er villig til å delta i senteret sitt fagmiljø med undervising og formidling knytt til prosjektet.

På STK ynskjer me eit åpent og fagleg inspirerande arbeidsmiljø, og prioriterar felles lunsjar, husmøter kvar veke og faste internseminar.

Publisert 16. aug. 2018 15:06 - Sist endret 16. aug. 2018 16:19