English version of this page

Historikk

Senter for tverrfaglig kjønnsforskning, tidligare Senter for kvinneforskning og Senter for kvinne-og kjønnsforskning, har heilt sidan opninga i 1986 vore ei frittståande eining direkte under Universitetsstyret.

Senter for kvinneforskning (SFK) byta namn til Senter for kvinne- og kjønnsforskning (SKK) i 2001 etter ein namnedebatt på nett. I 2007 inviterte senteret til ny namnedebatt, men denne gong utan respons. Senteret sitt styre vedtok på styremøtet 23. mai 2007 at senteret skulle endre namn til Senter for tverrfaglig kjønnsforskning (STK) frå og med 01.01.2008.

Senterbygging og leiing

  • Førebuingar til prøvedrift vart iverksatt hausten 1985, og vårsemesteret 1986 vart eit titalls forskarar og studentar tildelt arbeidsplass ved senteret.
  • Fride Eeg-Henriksen vart tilsatt som dagleg leiar i mai 1987.
  • Elisabeth Gulbrandsen var fagleg koordinator inntil Karin Widerberg byrja som forskingsleiar i februar 1988.
  • Frå 1991 til april 1993 hadde senteret faglege leiarar på kortvarige engasjement: Torill Steinfeld, Drude von der Fehr og Brit Berggreen.
  • Frå 1993 til 31.12.2009 var professor Harriet Bjerrum Nielsen fagleg leiar (senterleiar). Professor Beatrice Halsaa og forsker Elisabet Rogg vikarierte i stillinga medan Bjerrum Nielsen hadde permisjon i perioden 2000-2005.
  • Professor Jorunn Økland var valgt senterleiar i perioden 2010-2014. 
  • Professor Beatrice Halsaa var valgt senterleiar i perioden 2014-2015.
  • Professor Anne-Jorunn Berg var tilsatt senterleiar i perioden 2015-2018.
  • Professor Helene Aarseth var valgt senterleiar frå 2019 til 2020.
  • Professor Inger Skjelsbæk er valgt senterleiar frå 2021. 

    Plassering i universitetsstrukturen

    Senter for kvinneforskning (SFK) vart offisielt opna hausten 1986 og vart oppretta for ein prøveperiode fram til 31.12.1990.

    Senteret er så langt evaluert tre gongar:

    • I 1991 vedtok Kollegiet (no Univeristetsstyret) å videreføre drifta med ein andre prøveperiode.
    • I 1996 vedtok Kollegiet å videreføre drifta ved senteret, men denne gong uten tidsavgrensing, som ei frittståande eining direkte under Kollegiet.
    • I 2007 ble det vurdert om senteret skulle plasserast under eit fakultet eller om det fremleis skulle vere ei sjølvstendig eining direkte under Universitetsstyret. Evalueringsrapporten konkluderte med at senteret burde behalde noverande plassering i universitetsstrukturen, noko som også vart vedteke i Universitetstyret i 2008.

    Undervisning

    • Senteret byrja å tilby undervisning i 1999.
    • Frå hausten 2003 ble senteret sitt bachelorprogram Kjønn, feminisme og likestilling etablert.
    • I 2007 byta programmet namn til Tverrfaglige kjønnsstudier.
    • Frå og med hausten 2011 har senteret også oppretta sitt eige engelskspråklege masterprogram Gender studies.
    Publisert 22. sep. 2011 19:04 - Sist endret 27. juni 2023 13:56