Gjesteforskarar vert rekna som gjester ved Senteret og Universitetet i Oslo, og kan være gjester for ein periode på inntil eit år (fornybart). Som eit utgangspunkt oppfordrast gjesteforskarar til også å søke kontakt med andre deler av UiO. Det er til dømes svært positivt om ein gjest kan sitte ein periode ein anna stad på UiO og utvikla kontaktar også der, og helst ha eit felles seminar saman med begge einingane medan dei er på UiO. Dei får soleies høve til å fordjupe seg i eiga forsking, men også utvikle faglege nettverk på tvers av fakultet og institutt.
Gjesteforskarar vart inkludert i Senteret sitt sosiale og faglege miljø gjennom dagleg felles lunsj, opne fellesmøte for tilsette, interne og eksterne seminar, og gjennom å formidle eiga forsking.
Det er ønskeleg for STK om dei som er gjesteforskar kan bidra inn til senteret i perioden dei er på STK. Det kan være i form av offentlege (så vel som interne) seminar og arrangement, gjesteforelesingar og liknande.
Ein gjesteplass inneberer til ein viss grad også ein kostnad for STK. Difor er det ønskeleg for STK at gjesteforskarar enten har ein avtale om å bidra i nokon grad til drifta av senteret (gjesteforelesing, seminar og liknande), eller eventuelt kan helt eller delvis dekke kostnaden for ein kontorplass. Kostnaden kan også bli oppheva ved særskilte strategiske høve utan slike bidrag.
Gjesteforskarar har ikkje rett til løn eller bustad.
Som regel tilbyr vi ikkje internship-stillingar ved STK.
Dette inngår i rolla som gjesteforskar:
- Tilgang på STK med bruk av kontorplass. Helst fast plass så langt det lar seg gjere, men det kan bli tilbudd varierande plasser i perioden viss forholda krev det.
- IT-konto og tilgangskort
- Ein fagleg kontaktperson på senteret
- Presentere sin forskingsprofil/prosjekt til STK på et internt seminar
- Full tilgang til biblioteka ved Universitetet i Oslo
- Gjesteforskarstatus gis etter søknad for en bestemt periode
- Kan få egen personside på våre nettsider som er aktiv under opphaldet
- Moglegheit til å være – og oppfordring til å være – ein aktiv del av det faglege og sosiale miljøet ved senteret
- Gjesteforskar representerer sin egen institusjon og ikkje STK, med mindre anna er særskilt avtalt
- Gjesteforskar følger UiOs regler om teieplikt
- Det er ønskeleg at gjestar bidreg med forelesingar i vår regulære undervisning som ein del av gjesteopphaldet, men det er ingen undervisningsplikt utover det. Denne undervisninga blir ikkje honorert, men bidreg til å dekkja kostnadane for kontorplassen. Vi vil avtale eit maks antal timar som kan nyttast til slik bidrag basert å lengden på oppholdet og liknande.
Korleis få gjesteplass ved STK?
Det er avgjerande at gjesteforskaren har en direkte tematisk-fagleg kopling til ein av våre forskarar. Det er difor i utgangspunktet ikkje nok å forska på eit bredt sett relevant tema for senteret og kjønnsforsking for å vera aktuell som gjesteforskar.
- Lokaliser ein forskar som er tematisk-fagleg nært opp til ditt felt. Det er også mogleg å kontakta senterleiaren og be om tips om aktuelle personar å kontakte på STK
- Ta kontakt med denne forskaren og forhøyr deg om det kan vera aktuelt å bli gjesteforskar på STK med denne forskaren som kontaktperson. For å gå vidare i prosessen er det essensielt å ha dette på plass.
- Når du har på plass ein forskar på STK som er villig til å vera kontaktperson så kan du sende inn ein søknad om å bli gjesteforskar til STK. Søknad sendast til kontorsjef på senteret og skal innehalde:
- Søknadsbrev/e-post som skildrar formål med opphaldet (prosjekt du ønskjer å jobba med mens du er på STK, faglege grunnar til å være på STK, osv.). Du kan bli bedt om å utbrodera skildringa ved behov.
- Tidsperioden for opphaldet du ber om
- Om kostnaden ved en gjesteplass.
- Kan du dekkja kostnaden for ein kontorplass på STK?
ELLER
- bidra til drifta av STK gjennom offentleg seminar, gjesteforelesing, og liknande? - Særskilte behov eller ønsker vi bør vite om (funksjonsbehov, type kontorplass som kan være aktuell, osv.)
- CV
Søknaden vil bli vurdert på bakgrunn av kor god kopling det er med senterets aktivitetar, strategiske omsyn og tilgjengeleg kontorplass. Senterleiaren avgjer søknaden.
Vanleg årsak til at det ble avslag på søknad: Tematisk-fagleg kopling var ikkje tett nok på aktiviteten ved senteret. Det var ikkje tilgjengeleg plass og andre søkarar var enten før deg med sin søknad, eller ble valt av fagleg strategiske grunner.
Det er ikkje søknadsfristar for å bli gjesteforskar, men vi tar i mot søknader fortløpande. Søk i god tid før planlagt opphald, det gjer best sjanse for tildeling.
Senteret svarer på søknadane så raskt som mogleg, men det kan i nokon tilfelle ta tid å avklare og koordinere alt rundt et slik svar.