English version of this page

Vil du vere gjesteforskar ved STK?

Senter for tverrfaglig kjønnsforskning ynskjer velkomen gjesteforskarar frå andre akademiske institusjoner, nasjonalt og internasjonalt. Vi tilbyr kontorlokale, tilgang til IT-fasiliteter, gode og sikre datalagringsfasiliteter og full tilgang til biblioteka ved Universitetet i Oslo, samt høve til å være en aktiv og integrert del av senteret.

Gjesteforskarar vert rekna som gjester ved Senteret og Universitetet i Oslo, og kan være gjester for ein periode inntil eit år (fornybart). Dei får høve til å fordjupe seg i eiga forsking, men også utvikle faglege nettverk på tvers av fakultet og institutt. Gjesteforskarar inviterast til å ta del i Senteret sitt sosiale og faglege miljø gjennom dagleg felles lunsj, vekevise ‘husmøte’, interne og eksterne seminar, og gjennom å formidle eiga forsking. Som gjest har dei ingen undervisningsplikt eller anna ansvar, men kan nyttas i undervisning om det er gjensidig ønske om det. Rene gjesteforskarar har ikkje rett til løn eller bustad.

Som regel tilbyr vi ikkje internship-stillingar ved STK.

Senteret har auka i tal tilsette dei siste åra. Som følgje av det vil det dessverre til tider vera få eller ingen plassar tilgjengelege. Fleksible førespurnader (lengde på opphald og/eller kva periode det gjeld) kan ha større sjanse for suksess.

Søknad sendast via e-post til Andrew Feltham. Søknad må innehalde:

  • søknadsbrev som skildrar formål med opphold. Tidspunkt for opphald må gå klart fram.
  • CV
  • prosjektskildring

Det er to søknadsfristar kvart år:

  • 15. mars
  • 15. september

Søkjarar vil motta svar innan ein månad frå fristen.

Inviterte søkjarar vil ha prioritet.

Prioritet får også prosjekt som:

  • kompletterar pågåande forskingsprosjekt
  • styrkar senteret sin tverrfaglege forskingsprofil
  • inkluderar overhead-/driftsmidlar som helt eller delvis kan dekkje Senteret sine kostnadar

Alle søkjarar vurderast ut frå:

  • forskingstema (må vere innanfor kjønnsforskingsfeltet)
  • kvalitet og utforming av prosjekt
    Publisert 19. okt. 2021 11:59 - Sist endret 21. apr. 2023 14:01