STK-prisen

premieutdeling og takketale

Utdeling av årets STK-pris med de nominerte (oppe til venstre og nede til høyre), komiteen (oppe til høyre), og årets vinner Sadik Qaka (nede til venstre). Foto: Reinert Skumsnes

Sadik Qaka, frå Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, vann STK-prisen for 2019 med masteroppgåva The Place of Muslim Warriors, The Place of Muslim Men: The Foreign Fighter Phenomenon as a Masculinity Performance.

Les meir om vinnaren av STK-prisen 2019.

Senter for tverrfaglig kjønnsforskning vil framheva og anerkjenna studentane sitt forskingsarbeid, samt inspirera studentar til kvalitet og originalitet. Difor har det kvart år sidan 1992 vore delt ut pris til beste masteroppgåve med kjønnsperspektiv, levert ved Universitet i Oslo.

Rettleiarar og sensorar vert oppmoda om å nominere kandidatar til STK sin pris for beste masteroppgåve med kjønnsperspektiv, levert ved Universitetet i Oslo.

Frist for nominering er 31. desember.

Nominasjonane skal tene som ei oppmuntring for dei som har avslutta sine arbeider, og som ein inspirasjon for dei som kjem etter. Komiteen vektlegg blant anna kvalitet og relevans i si vurdering.

Nominasjon 2020

Fyll ut nettskjema (kjem), og legg ved samendrag av oppgåve og grunngjeving for nominasjon.

 

Prisutdeling skjer på STK sin nyttårsfest

Tid og stad kjem

 

For mer informasjon, ta kontakt med Reinert Skumsnes