Nominasjonsprosess og vurdering

Nominasjon

Rettleiarar og sensorar ved UiO vert oppmoda til å nominere masteroppgåver/profesjonsstudier som dei meinar er av framifrå kvalitet.

Kriterier for nominasjon:

  • Masteroppgåve/profesjonsstudie må vere levert ved ein av UiO sine grunneiningar, og ha eit klårt kjønnsperspektiv.
  • Masteroppgåve/profesjonsstudie skal vere basert på studentens sjølvstendige forskingsbidrag og vise originalitet.
  • Kandidat kan berre vere nominert ein gong.
  • Kandidat må ha fått karakter A eller B på sin masteroppgåve/profesjonsstudie.
  • Prisen gjeld masteroppgåve som er sluttført, og vurdert, i perioden frå 1. januar til 31. desember.

Nominasjon skal inneholde:

  • Personlege opplysingar (nettskjema)
  • Samandrag av oppgåva
  • Rettleiar/sensor si grunngjeving for nominasjon

Merk:

  • Samandrag og grunngiving kal leverast samla i eitt dokument
  • Tilrådd makslengde for det samla dokumentet er 2 sider
  • Grunngivinga skal gjera tydeleg dei faglege merittane til oppgåva, med særleg vekt på relevansen for kjønnsforskingsfeltet

Vurdering

Vurdering vert gjort av ein jury på grunnlag av samandrag av oppgåve og grunngjeving for nominasjon skrive av den/dei som har nominert kandidaten. Juryen les altså ikkje sjølve masteroppgåva. Det er difor naudsynt at grunngjevinga er utførleg og god.

Kriterier for juryen sitt arbeid:

  • Karakter
  • Kvalitet
  • Relevans
    Publisert 7. juni 2018 16:00 - Sist endret 20. nov. 2024 10:41